
07/07/2025
Nokon et Nugatti med majones, eller har sushi på brødskiva, medan andre kosar seg med blandaball. Somme blandar korta, og andre blandar seg i ting dei ikkje skal. Vi blandar saft - Type gul og Type Rød. Namnet er Type blanda. Safta som gjev deg smaken av ekte sunnmørssommar med 10 grader, lågt skydekke og regnbyger. Og sjølv når sola skin - vi lovar at du skal leite lenge etter betre sommarsaft! Vi har nett fått inn ei ny ladning, som vert køyrt ut i butikkane i desse dagar.