31/03/2023
NY TOPPTURGENSER, SKUGGEKNATTEN
Genseren er inspirert av ein vott funne hos Tordis Sunde, som er naboen til Inger Brommeland, innehavar av garnbutikken Garnkurven.net.
Votten var strikka av syster til Tordis og er strikka på 50- talet.
Genseren har fått namnet Skuggeknatten, fordi ein ser rett på dette fjellet frå der Tordis har hus.
Genseren er strikka i Peer Gynt-garn, rein norsk ull, og på pinner nr 4. Mønsteret er i enkel strukturstrikk.
Mønster og garn får du kjøpt på garnbutikken Garnkurven i Treungen.
Mønsteret er utvikla av strikkeglade damer med Inger i spissen, saman med Elin Fjalestad, Julia T. Volline og Anne Margrethe Espelid.
Genseren passar utmerka til turbruk.
Vi i strikkegruppa anbefaler gleden av eit godt strikketøy med låg puls, og ein fin tur til ein av kommunens fine toppar, med høg puls.
På bilda ser du:
-Inger Lise Bakke i grøn toppturgenser ho har strikka
-Hildegunn Kåsi i kvit genser strikka av Inger.
-Inger Brommeland i brun genser strikka av Inger
-Anne Espelid i grøn genser strikka av Anne
-David Vågen i genser strikka av Inger
-Kristin Parkinson Vågen i kongeblå genser strikka av Julia Volline
- Hild Riseth Fjone i rosa genser strikka av Kirsti-Nina Frønæs
Tusen takk til fotograf Styrk Fjærtoft for veldig fine bilde.
Garnbutikken Garnkurven er ope i påska, om du har lyst på eit nytt strikkeprosjekt.