Opplev Hareid

Opplev Hareid Opplev Hareid

BARNEFESTIVAL 🥰 🗓️Laurdag 9. august klokka 11–16«Jakten på turmagien» medAlexander Read frå«Mina og meg»🏕️✨Speidarane ⚜️...
18/06/2025

BARNEFESTIVAL 🥰
🗓️Laurdag 9. august klokka 11–16

«Jakten på turmagien» med
Alexander Read frå
«Mina og meg»
🏕️✨
Speidarane ⚜️
Hareid Sanitetslag ❤️‍🩹
Bjørnis og blålysshow 🚒✨
Eliasbåten ⛴️
Klovnar 🤡, hoppeslott 🏰 og ansiktsmaling 🎨
Sceneshow 🎤
Velkomen til ein uforgløymeleg dag!🥰🎉

Er du klar for festival og andre kjekke arrangement i sommar? Sjekk ut Festivaløya-magasinet!😃 Soooo mykje kjekt å vere ...
06/06/2025

Er du klar for festival og andre kjekke arrangement i sommar? Sjekk ut Festivaløya-magasinet!😃 Soooo mykje kjekt å vere med på! Det kjem i postkassa di👍 eller du finn det på biblioteket og på rådhuset.

Digital versjon:
https://www.sytalaust.com/magasin/

Hareid kommune
Ulstein kommune
Sytalaust AS

06/06/2025

Ikkje gløym å setje av plass i sommarplanen din til eit av sommarens viktigaste høgdepunkt – Seinsommarfest!
Tre dagar fulle av spennande opplevingar, fargerike inntrykk og god stemning ventar på deg. Musikk, kunst, god mat, aktivitetar for store og små – alt samla på ein stad!

Lad opp med sol, smil og stemning – vi sjåast på festival! 🌞🎶

Denne helga skjedde noko historisk – den høgtidelege opninga av Hodr Hjørungavåg Vikingsete! 🛡️✨Det var ikkje berre ein ...
02/06/2025

Denne helga skjedde noko historisk – den høgtidelege opninga av Hodr Hjørungavåg Vikingsete! 🛡️✨

Det var ikkje berre ein festdag, men ein dag då historia vakna til liv 📖🔥. Gamle tradisjonar fekk nytt liv i hjartet av Hjørungavåg – og ekkoet frå denne dagen kan høyrast langt utanfor bygda, ja, i heile Noreg 🌍🇳🇴.

Hodr Vikingsete har blitt meir enn eit kulturprosjekt. Det er eit symbol, ein levande attraksjon 📸, eit kjenneteikn på identitet og ei kjelde til stoltheit 💫. Eit nytt kraftsentrum som allereie tiltrekkjer seg merksemd frå langt utanfor kommune- og landegrenser.

Men det viktigaste av alt er historia bak det heile 🧭. Historia om vikingane som ein gong budde her, får no nytt liv. Frå idé til realisering har prosjektet vakse fram gjennom innsats frå engasjerte eldsjeler, støttespelarar og eit samla fellesskap av frivillige 🤝. Denne ideen og draumen har no blitt røyndom 🌟.

Tusen takk til alle som har gitt av tid, krefter og hjartet sitt 💖.

Opplev Hareid er stolt av å vere ein av mange samarbeidspartnarar, og vi deler nokre av bileta våre frå opningsdagen! 📷👇

🎉 Opningsfest på Hodr Hjørungavåg Vikingsete! 🛡️⚔️Det har blitt lagt ned eit stort dugnadsarbeid for å skape ein fantast...
26/05/2025

🎉 Opningsfest på Hodr Hjørungavåg Vikingsete! 🛡️⚔️
Det har blitt lagt ned eit stort dugnadsarbeid for å skape ein fantastisk opningsfest 4 dagar til ende! 🙌
Opplev Hareid er samarbeidspartnar og vi gler oss! 🤝
Det kjem til å bli nokre kjekke dagar, med mykje moro for store og små! 😄👨‍👩‍👧‍👦
Håper du tek turen! 🧭✨
Under ser du kart over festivalområdet, og kvar du kan parkere. 🗺️🅿️

☝️🎫 https://www.vikingsete.no/blank-4

Sett av helga!
26/05/2025

Sett av helga!

Opningsfest Hǫðr Hjørungavåg Vikingsete 🎉❤️

TORSDAG 29.05

10.00 - 17.00 Vikingmarknad
- Harald Foss spelar
- Vikingskipet Kvitserk
19.00 - 23.00 Festmiddag i langhuset med musikk og historie om slag og bygging.
21.00 - 24.00 Samling i teltet. Trubadur Ronald Øvreli

FREDAG 30.05

10.00 - 17.00 Vikingmarknad
- Harald Foss spelar
- Rokonkurranse med færingar
- Hesteriding
- Vikingskipet Kvitserk
13.00 - 15.30 Rjomegraut ved Saniteten i langhuset
16.00 - 17.00 Konsert i Langhuset med Magne Skjævesland
Konserten handlar om Olav Den Heilage
​16.00 - 17:00 Lesestund for born i gapahuken
19.00 - 23.00 Festmiddag i langhuset med musikk og historie om slag og bygging
20.00 - 01.00 Quiz i teltet

LAURDAG 31.05

10.00 - 17.00 Vikingmarknad
- Harald Foss spelar
- Hesteriding
- Vikingskipet Kvitserk
11.00 Parade gjennom bygda
13.00 - 15.00 Offisiell opning av langhuset
- Corsonus, Skulekorpset og
- Helsingar og talar
13.00 - 16.30 Rjomegraut ved Saniteten i langhuset
​16.00 - 17:00 Lesestund for born i gapahuken
19.00 - 23.00 Festmiddag i langhuset med musikk og historie om slag og bygging.
20.00 - 02.00 Utekonsert og dans med Jan Ytterland og Cozy

SØNDAG 01.06

09.00 - 11.00 Frukost
10.00 - 14.00 Vikingmarknad
11.00 - 12.30 Gudsteneste

Matsal kvar dag på området

Med atterhald om endringar
Billettar: https://tikkio.com/organizer/24149

Hǫðr-Hjørungavåg Vikingsete

Vi er glade for å kunngjere at Hareidsstemna er med under «paraplyen» Opplev Hareid. 🌟🤝Vårt samarbeid vil først og frems...
20/05/2025

Vi er glade for å kunngjere at Hareidsstemna er med under «paraplyen» Opplev Hareid. 🌟🤝

Vårt samarbeid vil først og fremst fokusere på promotering, deling av informasjon og å løfte fram Hareidsstemna som den flotte kulturveka det er. Vi ynskjer å bidra til brei merksemd, slik at fleire kan besøke og oppleve kulturbygda Hareid.

For folk i Hareid kommune betyr det enda betre oversikt 🗓️. Her på Opplev Hareid vil informasjon om aktivitetar og arrangement til våre samarbeidspartnarar bli samla, og det blir lettare å finne fram til det som skjer i Hareid kommune. 📅📲

Vi gler oss til eit langt og godt samarbeid – dette blir kjekt! Velkomen med på reisa! – Opplev Hareid & Hareidsstemna ✨🤝📍

Hareidsstemna

Sunnmøre Baarelag til Seinsommarfest 2025!🤩✨🕺9. august kjem dei til Hareid for å bli med på Trippelkonserten. Berre å gl...
02/05/2025

Sunnmøre Baarelag til Seinsommarfest 2025!🤩✨🕺
9. august kjem dei til Hareid for å bli med på Trippelkonserten. Berre å gle seg!

Sunnmøre Baarelag, av mange rekna som pionerane innan Sunnmørsrock, er i år inne i sitt 45. år som aktivt band! Mange var skeptiske til dette nye bandet i 1980 som spelte rock og song på klingande sunnmørsk dialekt. Gjennombrotet kom etter lanseringa av singelen 'Blide Mannj' i 1983 og det tok skikkeleg av etter lanseringa av plata 'Kjekke Kara' i -86. Sidan har bandet gitt ut fleire plater, fått ei rekkje prisar, m.a. kulturpris (2021)
og medverka i ulike filmprosjekt.
Les meir på: https://www.baarelaget.no/

Baarelaget har i årevis vore inspirasjonskjelde for mange band i ulike sjangerar, og i dag er det heilt naturleg å synge på si eiga dialekt.

På Seinsommarfesten Hareid 9. august, får du oppleve eit Baarelag som er spenna klar for å gi full gass og presentere både gamle 'slægers' frå ei imponerande karriere og muligens også låtar frå utgivelsane som du ikkje hadde venta å høyre. Velkomen til fest!🤩✨🤩

Sunnmøre Baarelag i 2025 er:
Kyrre Grimstad, song og gitar
Kjell Rune Klubbenes, gitar og song
Arne Moe, bass og song
Frode Sundnes, trommer
Totto Nilsen, munnspel
Bottolf Lødemel, tangentar
Christoffer Jensen, kor
Maria Hovdenakk, kor

Adresse

Hareid
6060

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Opplev Hareid legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del